71x 42.195 meter!
At Gunnar Vaage er glad i å springe er ein allment kjent sak. I helga deltok han i Karmøy Marathon og det var faktisk 71. gongen han sprang marathon-distansen. Første gong var i 1981, for 40 år sidan. På laurdag sprang 63-åringen på tida 3.38. Persen sette han i London Marathon i 1989 med 2.43. I tillegg har han nokre ultraløp på baken, altså lenger enn marathondistansen. (*Underteikna let seg først lure til å tru det var marathon nr 100, men rett tal er altså 71.)
Og Gunnar var slett ikkje åleine i å representere Trio i helga. Heile 8 utøvarar var med, på ulike distansar. Holmfridur Adalsteinsdottir vann marathonklassen for kvinner med 3.11, medan Hildegunn Håland vart nr 3 i kvinneklassen på 10 km med tida 44.13. Dei øvrige sprang halvmarathon. Kenneth Blom klokka inn på 4 sekund over 1.30, trass i at han tok æresrunden heilt i starten, då han etter eit par hundre meter oppdaga at startnummeret låg att i garderoben. Øvrige tider:
Terje Røssland Nes 1.34
Tor Harald Bringedal 1.37
Njål Tvedt 1.39
Trude Sundsteigen 1.45
Kenneth varta opp med ein alternativ løypeprofil i starten på halvmarathon.