G13: Stord2-Trio2 11-0. Smågutane gjorde ein god første halvtime mot eit velspelande Stordlag, men så var det jamnt slutt. Som mot Odda sist veke, sto vi godt i mot første halvtimen og var brukbart på høgde med ein sterk motstandar. Vi kunne teke leiinga då Mohammed vart felt, men Vegar utnytta fordelen og kom rundt til innlegg. Klareringa gjekk rett i knotten på Abdi, og kunne fort ha gått i mål. Eit nytt fint angrep då Mohammed la inn til Noah, men styringa gjekk rett utanfor. Michael varta opp med ei flott redning på eit skot mot vinkelen, før Vegar og Noah kontra med fint samspel. Men ein robust Stordkeeper sto i vegen og plukka. Så nytta han sjansen med eit langt utspark, til spissen som sprang gjennom og sette inn 1-0.

Vår største sjanse kom kort etter, då Mohammed drog seg fri og sendte ein susar på innsida av stolpen. Ballen rulla langs streken bak keeper, men ut på andre sida. Nærare kom vi ikkje. I staden rakna det siste fem minutta, då det kom nye tre baklengs.

Andre omgang var tam. 7 nye Stordmål og fint lite å skrive heim om. På torsdag ventar lokaloppgjer mot Trio 1 (Valen). Då skal vi snu kjerringa!

G13: Stord2-Trio2 11-0 (4-0)

Mål i 1.omgang etter 19, 31, 33, 35 minutt.
Mål i 2.omgang etter 43, 48, 55, 57, 61, 64, 70 minutt.

Trio sitt lag:

Michael Løland, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Andre Nordøy, Gunnar Eikemo Steine, Vegar Seljelid Joleik, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland.

 

– Are Ulseth