Haugesund sparebank inkluderingsdager
Gratis aktivitetsdagar for alle barn
IL-Trio inviterer, i samarbeid med vår hovudsamarbeidspartner Haugesund sparebank, Kvinnherad Handball og Frivilligsentralen, til tre kjekke inkluderingsdagar i den siste veka av sommarferien. Her er alle velkomne – uansett om du er med i eit idrettslag eller ikkje. Målet er å skape idrettsglede, meistring og samhald gjennom aktivitet og nye vennskap.
Inkluderingsdagane skal vere ein møteplass der alle barn kan oppleve meistring, aktivitet og fellesskap. Her får barna prøve ulike idrettar, bli kjende med nye venner og kjenne på ekte idrettsglede.
Påmeldingslenke
OBS: Når du trykker i lenka står det “stengt”. Du må trykke neste nede til høgre, deretter får du velge kullet til barnet ditt! :)
Praktisk informasjon
Dato: 12.–14. august
Tid: Kl. 09.30–14.00 kvar dag
Oppmøte Triohuset i andre etasje
Påmeldingsfrist: Innen fredag 7.august
Kven kan delta?
Alle barn fødde frå 2014 til 2020
Mat og drikke
Det blir servert mat, frukt og drikke kvar dag
Hugs å ta med
• Klede for både inne- og uteaktivitet
• Drikkeflaske
• Godt humør
Kontakt
Rune Åsheim Mo
rune.mo@il-trio.no
478 18 313
Haugesund sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner
