G13: Trio2-Solid 4-0. Ein kamp på det jamne av Triogutane, mot ein relativt jamnbyrdig motstandar. Vi var eit lite hakk betre og kunne ganske kontrollert sikre ein solid 4-0-siger.

Vi tok tak i kampen frå start av og skapte ein del moglegheiter. Flinke å kome rundt på sida, men altfor ofte valde vi å skyte sjølv frå skrått hald, i staden for å servere lagkameratar i god posisjon framom mål. Først då vi tok til vet og byrja slå gode innlegg, vart det utteljing. Vegar med eit flott innlegg som Brage nesten fekk hårtustane på, før Michael var nestemann til å slå ein god serve. Brage vann luftduell med stoppar og keeper, og Mohammed kunne banke nedfallsfrukta i tomt bur.
Fem minutt var det sjølvsagt André som scora det andre (haha). Solid har blanding av 12- og 13-åringar og var noko meir småvokste enn oss, og vår høgreiste midstoppar var uslåeleg då han steig til vers stanga inn Gunnar sin gode corner. Truleg den hardaste headinga vi har scora på i år. 2-0 midtvegs.
Også etter pause er det vi som er hakket betre. Solidkeeperen varta opp med fleire strålande redningar, ikkje minst på eit par gode tilbod for Abdi. Men kvarteret ut i omgang kunne vår beste spelar i haust juble, etter å ha snappa eit utspark, dribla ein mann og vore kontant i avslutninga. Abdi folkens, very muck the man in form!

Det går ofte i rykk og napp med utviklinga i denne alderen, og ein annan som pila har pekt veldig opp på i haust er William, som har fått mykje meir driv og trøkk i spelet sitt. Og han markerte seg som ein av dei beste i dagens kamp med veldig stødig backspel. Tryggare med ball, meir tempo og meir innsats og trøkk i duellane. Slikt er kjekt å sjå.

På tampen lot Mohammed som han ikkje fekk med seg at han skulle bytast ut. Tok i staden eit siste raid og scora, før han gjekk ut med eitt breitt glis. 4-0 og det vart også sluttresultatet.

Då er både vi og Solid klare som veldig klare egg for Regy Cup i Haugesund i helga. Vi reiser med 25 ‘mann’, og blandar valegutar og husnesgjeng i to jamngode og forrykande festlege lag. Dette bør bli bra :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio2-Solid 4-0 (2-0)
1-0 (22 minutt) Mohammed Aljajan
2-0 (27 minutt) André Nordøy
3-0 (51 minutt) Abdisalan Zekeriye
4-0 (65 minutt) Mohammed Aljajan
Dommar: Hallvar Saghaug

Trio2 sitt lag:
Martin Fjeldstad Smith, William Heggøy, André Nordøy, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Michael Løland, Abdisalan Zekeriye, Mohammed Aljajan, Vegar Seljelid Joleik, Brage Kvandal, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad.

– Are Ulseth