5.div kvinner: Østsiden Askøy-Trio 3-1. Damelaget tok turen til Askøy søndag i det som var venta å bli eit jamnt oppgjer. Og det vart det. Før pause hadde vi også flest sjansar, men totalt var eit solid Østsidenlag eit hakk betre.

Østsiden starta sesongen med tre tap, noko som skuldast stor andel av russ og mykje fråver, men i det siste har dei vist at dei nok høyrer heime på øvre halvdel. Så også i dag. Men vi gjorde ein god førsteomgang og forutan to gode angrep på høgresida, samt scoring då spissen brukte neven til å ta ballen forbi vår utrusande keeper, så hadde vi god kontroll defensivt.

Framover gjorde Kristine ein stor jobb på topp, i fråver av toppscorar Aria. Nærast var ho då Rebekka vrengte eit innlegg bak forsvaret, men skotet gjekk rett utanfor. Det gjorde den og då ho drog seg fri på vel 20 meter, og på to store sjansar på corner. Den tredje av Sofia sine gode cornerservar, la Luwam ned til Rebekka, som fekk skotet blokkert på målstreken.

Rebekka herja på høgrekanten før pause og hadde to store sjansar sjølv, i tillegg til å mate medspelarane med gode innlegg. Men mål fekk vi ikkje.

1-0 til pause og dårleg start på andre omgang. Vi gjorde nokre endringar, som fall dårleg ut. Og heimelaget fekk tidleg 2-0, på ein overgang vi berre nesten klarte å demme opp for. Litt meir vilje…

Langt svakare andreomgang av oss og færre sjansar. Emma og Selma hadde våre beste tilbod, men i staden fekk Østsiden 3-0 på straffe. Då hjalp det ikkje med gjennomløp og scoring av Mariel heilt på tampen. Alltid surt å tape, men Østsiden var betre enn tabellen tilseier. Best for oss i dag var Rebekka, med ein strålande førsteomgang.

Neste helg er det heimekamp mot serieleiar Vestsiden-Askøy, som i følge dagens motstandar er fullt mogleg å slå.

5.div kvinner: Østsiden Askøy-Trio 3-1 (1-0)

1-0 (22 minutt)
2-0 (49 minutt)
3-0 (84 minutt) straffe
3-1 (89 minutt) Mariel Musland Madsgård

Trio sitt lag:

Erna Mikkelsen, Siren Njøs, Selma Kvalheim, Christine Solheim Fjelland, Christine Musland Madsgård, Sofia Televik, Mariel Musland Madsgård, Elisabeth Hansen Eide, Emma Heggøy, Kristine Enæs Medhaug, Rebekka Røen, Malin Saug, Luwam Kahsay, Helene Eikenes,

-Are Ulseth