Trio friidrett stiller høveleg mannsterkt på helgas Rosendalsleiker. Og fleire av våre utøvarar har ikkje delteke i stemner utanfor Husnes stadion, kjekt å få prøvd seg mot anna motstand enn dei vi kjenner frå før. Her er ei oversikt over prestasjonane til våre deltakarar.

Casper Aarsand Stensletten (G13) raska med seg tre gullmedaljar. Ein kjempeprestasjon i kulestøt med 5,84 meter (biletet over), som er 25 cm lenger enn persen. I tillegg 17,11 på 100 m og 3.21,71 på 800 meter, som er øvingar han ikkje har delteke i før. I morgon blir det ny pers i høgde! :)

Alexandra Tveit Rosendahl (J14) tok sølv i kule med 7,16 meter, som er det lengste ho har støtt med 3 kg kule. I lengde vart det gull med 4,43 og på 100 meter vart det 3.plass med 14,80, som er ny pers med 11 hundredelar. Og på 800 meter vart det sjølvsagt gull med 2.33,56. Det er første gongen ho noterer ei tid på denne distansen. I morgon deltek ho i både høgde og på 200 meter.

Ådne Opsanger-Tveit (G15) hadde ein roleg dag i dag med berre to øvingar. Gull og ny pers i høgde med 1,66 og 3.plass på 100 meter med 13,31. I morgon blir det litt meir travelt med lengde, tresteg og 200 meter. På sistnemnte skal også Andrei Bringedal delta.

Sylvia Eide Myklebust (J13) fekk med seg to sølvmedaljar heim, etter 16,02 på 100 m og 2.55,67 på 800 meter.

Lillebror Håkon Eide Myklebust (11) fekk med seg sine første medaljar heim i karriera (vel, opp til 10 år får ein premie, men utan rangering). Han imponerte enormt med 1.plass i kule med råsterke 8,80 meter. Godt over meteren lenger enn han hadde i seriestemne på Husnes for 3 veker sidan! Gull også på 60 meter med 9,94, som er første gong under 10-sekundsgrensa. Og nok ein gullmedalje på 600 meter med 2.08,80, som er betring av persen med over sekundet.

I herreklassen har Miomir Milenkovic knalla til med gull i kule. Heile 5 støt over 10 meter og det lengste på 10.56.

I rekruttklassen hadde vi med 4 deltakarar. Dei hadde berre ei øving i dag. På 40 meter fekk Åsne Rolland Seglem (J9) 7,90, Sara Milenkovic (J7) 9,14, Luka Milenkovic (G6) 8,81 og Vegard Sæverud Jensen 7,90. I morgon er det også ei øving for rekruttane, då er det kast av liten ball.

I tillegg var det også ein uformell 200 meter for småtassar 0-5 år. Veldig kjekt, og ekstra stor begeistring for å få medalje hjå denne gjengen. I tillegg var vergudane meir begeistra enn dei hadde lova å vera, sjølv om det nær sagt som vanleg var ein del vind på Rosendal stadion. Flott arrangement!

Tre gullmedaljar første dag til Casper Aarsand Stensletten.
9-åringane Åsne Rolland Seglem og Vegard Sæverud Jensen med medaljar etter 40 meter.
Håkon Eide Myklebust (11) på toppen av pallen.
Sylvia Eide Myklebust (13) med sølvmedalje
Ariel Kabbe Hauge (2) godt nøgd med medalje etter ein lang 200 meter.