Gladmelding på sesongmarkering
Friidrettsgruppa samla styre, trenarar og funksjonærar og markerte framifrå innsats gjennom 2021-sesong med ein julemiddag i godt lag på Gry Helges tysdag kveld. Her vart det drøsa om det vi har fått til, og det vi skal få til i komande år. Og toppen av kransekaka var beskjeden om at vi har fått innvilga 190.000 kr i støtte til takoverbygg for høgde- og stavmattene våre. Vi er hjartans takksame for bidraget og at stiftinga verdset innsatsen vår, midlane skal kome godt til nytte!
Vi har auka i storleik gjennom året, fått med fleire på trenarsida og klart å etablere tre faste treningsgrupper for ungar i alderen 6-12 år. Med meir permanente grupper og større trenarressursar er det blitt meir stabilitet både i deltaking og gjennomføring. No har vi også fått innetider i gymsalen på Sunde for alle desse gruppene, slik at dei kan trene gjennom vinteren. I tillegg har vi ei kastgruppe, samt ein veldig aktiv løpegjeng tilknytt friidrettsgruppa/triathlon.
Gjennom året har vi arrangert 6 seriestemner, samt Kvinnheradmeisterskap på tampen av sesongen. Totalt sett betyr det stadig aukande aktivitet og eit veksande friidrettsmiljø. Vi håpar å kunne delta på både dommarkurs og trenarkurs gjennom vinteren for å vera enda betre rusta til neste sesong.
Are Ulseth, leiar IL Trio friidrett