Trio friidrett deler to gonger i året ut “Opp og fram-prisen”, eit stipend til den utøvaren mellom 12-18 år som har forbetra seg mest i ei øving det siste halvåret. Dette for å motivere til vidare satsing på friidretten. Første utdeling i 2026 gjekk til Giljar Saghaug Håland (14), som har betra persen sin på 60 meter med 6 tidelar til 9,02. Det oppnådde han under Mailekene i Haugesund i vår.

Heilt konkret så bereknast forbetringa etter poengskalaen Tyrvingtabellen, der vi reknar ut auke i poengsum frå gammal til ny personleg rekord. Giljar har vist fin framgang i vår og har også betra persen sin på 200 meter med 2,5 sekund. Altså ein verdig vinnar av eit stipend på 2.000 kr, samt ein flott diplom. Vi gratulerer!

Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner