Gåvedryss til IL Trio
I går hadde Sparebank 1-stiftinga ei ny, raus utdeling og nestleiar Hanne Larsen kunne ta i mot heile 3 gåver på vegne av laget. Husstyret fekk 250.000 kr til branntrapp/rømningsveg til Trioloftet. I tillegg fekk friidrettsgruppa 30.000 kr til ymse friidrettsutstyr til barn, og så fekk idrettslaget 50.000 kr i ekstra covid 19-midlar.
Vi takkar stiftinga for kjærkomne bidrag!