G19: Trio – Stord 2 7-1 (4-1).

Det verka som det var eit noko sterkare Stord lag vi møtte denne kvelden enn det vi møtte på  Stord. Vi fekk ingenting gratis og måtte verkelg produsera for å få uttelling. Og uttellinga kom etterkvart. Tore hadde snakka om at han ville sjå mykje veggar framme i banen. Og første målet kom etter ein glitrande vegg mellom Martin og Mads, der Martin sett ballen enkelt til sides for målvakt til 1-0. Vi doblar etter dagens klasseangrep. Sander D blir spelt vakkert gjennom på høgrekant og forserer til dødlinja. Han legg heilt korrekt 45 ut der motsatt kant Mads har komt inn og sett den kontant i nota. Dagens mål! Nestemann i målprotokollen er 16-åringen Emil som hadde tatt fri fra scooteren. Han drar av ein, tar såletunnell på neste og avsluttar resolutt. Småfrekt til 3-0! På 4-0 scoringa inntar Emil servitørrolla, då han møter fint som spiss og flikkar Sander D gjennom på høgre. Avslutning i langhjørnet, 4-0! Stord reduserer like før pause til 4-1 ved halv tid.

Martin leverte sin beste kamp for året inntil han måtte ut med ein smell

Ein svakare innledning på andre omg, men så tar Emil fram servitøren i seg igjen og no er det Mads som herjar på høgresida og blir spelt gjennom. 5-1! Emil sett sjølv 6-1 etter pasning frå Anders, mens ein annan G16-spelar, Sigurd, avsluttar det heile til 7-1 med eit godt venstrebein skot etter dødball og assist frå tredjemann frå G16, Vegard.

Flott kamp på høgreback av Mathias G.!

Ein noko ujamn prestasjon av laget i dag, det svinga frå det heilt store med flotte angrep og mål – til det mindre bra med ball i luft og feilpasningar. Vi syns dei beste i dag var 3 x M: Martin, Mads og Mathias G. Pluss og til Emil for mange målpoeng. Kjekt for gutane med masse folk på heimekampane. For andre kamp på rad var det over 100 tilskodarar!

Laget i dag: Aref (Torstein), Mathias, Tarmo, Edvin, Vegard, Anders, Martin, Mads, Brynjar, Sander D, Emil, Sigurd, Kristoffer, Samson, Hallvar, Marcus.

Neste match er heime mot Rubbestadnes tirsdag om 2 veker.

Christian, Per Einar og Tore.