Søndag var det Trio Cup i Husneshallen og Husnesgjengen på G14 stilte tre lag. Vi er akkurat 15 gutar, men med to karar ute med skade, skulle det halde hardt å mønstre tre lag i 5arfotball. Vi hyra inn vetlebror Trym og pensjonisten Mikal og klarte det difor akkurat, sidan dei som var keeper på eitt lag kunne spele ute på eit anna. Totalt 11 lag med i guteklassen og det var kjekt å sjå at det var veldig jamnt i samtlige kampar. Små marginar og utteljing framom mål avgjorde dei fleste kampane. Våre gutar leverte ein ok cup. Det er alltid mykje som kan gjerast betre i bevegelse, pasningskvalitet og å spele i rett tid, men også mykje bra å sjå. Vi blir då gradvis betre, heldigvis. Men det er ikkje til å kome i frå at vi har mykje å gå på når det gjeld innsats. Vel er Ternengutane gode, men det er først og fremst fordi dei klarar å ha meir trøkk og vilje i duellar og løp at dei får løfte pokalen til slutt. Vi har trent mykje i vinter (over 20 treningar etter nyttår), men dei fleste vegrar seg for å kjenne blodsmaken i munnen.

Trio Flaggermus opna med eit litt slurvete 2-0-tap for Trio G13 raud. Litt vims defensivt avgjorde, samstundes som vi hadde meir enn nok sjansar til å få både eitt og to mål sjølv. Små marginar. I andre gruppekampen vart det 0-0 mot Uskedal, i ein open kamp som kunne bikka begge vegar. Sidan det var berre tre lag i denne pulja, vart det plass i kvartfinalen. Litt ergeleg at motstandar vart våre eigne lagkameratar på Trio Edderkopp. Her kom vi under 0-2 tidleg, etter enda meir vimserier bak, men etter det reiste vi oss meisterleg og skapte ein haug sjansar. Men utruleg nok vart det med Mathias si eine redusering. Då underteikna jaga dei fleste fram i angrep i sluttminuttet, vart i staden 1-3 kontra inn. Skit au.

Trio Brunsnegle opna med 0-0 mot Trio G13 blå. Her kunne vi lett ha vunne, men Elias hadde også nokre flotte redningar som hindra tap. I neste kamp vart det 1-3 for Trio Tikitaka, og her er det vel berre å seie at dei var eit hakk betre enn oss denne gongen. I siste kamp mot Rosendal kvit måtte vi då ha siger. Det burde vi også klart, men måtte nøye oss med 1-1. Dermed 3.plass i gruppa, men den 3aren som hadde minst poeng, og dermed ikkje plass i kvartfinale. Oppsummert kunne vi nok satsa litt meir framover i kampane her, for bakover klarte vi oss stort sett greitt.

Elias scorar sikkert åleine med keeper.

Trio Edderkopp starta med 1-2 for komande cupvinnar Ternen, i ein kamp som var heller dårleg frå vår side. Men så tok vi oss opp med ein solid 3-0-siger over Rosendal svart, før det vart same sigerssifre i naboduellen mot Trio Samba. Tidleg scoring i desse kampane gav ein god start og då kom trua og innsatsen. God start vart det også i kvartfinalen mot Trio Flaggermus, men etter 2-0 i starten dabba vi kraftig av. Var i grunn heldige som kontra inn 3-1 heilt på slutten, men uansett plass i semifinalen. Då burde det også ligge til grunn at ein gjev alt for å kome til finale, men kampen mot Trio G13 blå vart altfor slapp frå vår side. To slurvete baklengs og ei utlikning i mellom at Elias. Så var vi nære med ei scoring som vart anullert for at ballen hadde vore over dødlinja i forkant og ein susar i mål akkurat etter sluttsignalet, men korrekt vurdert av dommar. Dermed berre nesten og vi kan kun skulde på at vi ikkje bretta opp ermene nok i denne kampen.

Mohammed scorar på straffe.

Velvel, nye sjansar på onsdag, når vi køyrer i gong kampsesongen med årets første dyst i 11arfotball.
Trio Flaggermus: Abdisalan, Michael, Brage, Mathias, Trym + keeper Martin.
Trio Brunsnegle: Andre, Edvard, Vegar, Noah, Mikal + keeper Elias.
Trio Edderkopp: Jonas, William, Mohammed, Martin, Elias + keeper Andre.

– Are Ulseth