G14: Trio1-Trio2 6-1 (0-1)
Seriestart med klubbduell i G14-klassen. Dei to laga til Trio på G14-nivå er relativt jamngode, med Trio 1 stort sett eit lite hakk betre enn oss det siste året. Til dagens kamp hadde Trio 1 styrka seg med mange knallgode spelarar frå begge G13-laga, og då skulle vi på Trio 2 få litt å bryne oss på. Vi gjennomførte ein knallgod førsteomgang, men gjekk litt tomme for krefter utover i andre.

Ein jamnspelt første omgang der vi vartar opp med periodevis bra spel. Noah vann ein duell med keeper Andreas ute på 16-meteren, men chipen vart redda på strek av midtstoppar Joar. I andre enden varta Martin opp med storspel i buret då han først slo eit skot frå Emil i tverrliggjaren, før Tristan dundra returen over. Så nok ei kjemperedning på skot frå Tristan.
Midt i omgangen tok vi leiinga då Mohammed spelte fram lynkjappe Elias, som nikka med seg ballen forbi forsvaret og scora sikkert åleine med keeper.
Siste ti minutta av omgangen vart vi sett under sterkt press. Men vi kjempar iherdig og ofrar mykje. André ofra stellet for å blokkere skot og fleire andre kasta seg i duellane. Slikt er kjekt å sjå. Bakerst viste Martin klasse ved fleire høve, og nærast utlikning kom Trio 1 då Tristan vrengte eit skot i stolpen og Martin kasta seg inn og blokkerte Sondre sin retur.

0-1 sto seg til pause og gutane våre fekk ros særleg for innsatsen med oppofrande forsvarsspel i sluttminutta, men og for spelet vi hadde levert tidlegare i omgangen.
Så gjeld det å gjenskape prestasjonen, men det klarte vi ikkje. Trio 1 fekk utteljing frå start, då Sondre fekk stå åleine etter frispeling frå Emil. Kort etter kom 2-1, då Kevin utnytta ein glipp i feltet. Vi har ein tendens til å falle i fisk ved baklengsmål. Då heng vi fort med hovudet. Tendensar til det i dag også. Nok ein 13-åring på scoringslista, vetlebror Solheim vendte seg flott fri på bakre stolpe og hamra inn 3-1.

Etter kvart klarte vi å løfte oss litt igjen og Mohammed var nære då han kom rundt på høgresida. Innlegget(?) gjekk nesten inn av seg sjølv. Så ein ny god sjanse då Elias la flott i støtte til Noah, men skotet vart blokkert i siste liten. Enda nærare då Abdi trilla fri Mohammed, som vrengte ballen like over frå 16-meteren. Ballen gjekk via ein forsvarar, og den påfølgjande corneren nikka Abdi like utanfor.
Så vart det tungt siste kvarteret. Då skorta det på kreftene og Emil fekk veldig uhindra danse seg forbi alt og alle og sette inn 4-1. Tristan kontra inn det femte og Kevin fastsette sluttresultatet til 6-1 via tverrliggjaren.

Dermed ein klår siger til Trio 1, men då er vi endeleg i gong med sesongen. Fredrik på Trio 1 imponerte veldig i dag og får tittelen man of the match. Hjå oss var Martin ei legende i buret og elles utmerka Abdisalan med knallhard jobbing og som den råsterke duellspelaren vi veit han er på sitt beste. Dette var bortekamp for vår del (ikkje akkurat nokon lang bortetur…), så neste veke har vi heimekamp mot Solid. Det blir spanande.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14: Trio1-Trio2 6-1 (0-1)
0-1 (20 minutt) Elias Ulbi
1-1 (40 minutt) Sondre Soma Ersland
2-1 (43 minutt) Kevin Kvernenes
3-1 (45 minutt) Ola Haugan Solheim
4-1 (55 minutt) Emil Haugan Solheim
5-1 (61 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
6-1 (64 minutt) Kevin Kvernenes
Dommar: Hallvar Saghaug
Trio 1: Andreas Eikemo Ersland, Fredrik Saghaug Eikeland, Anders Matre Vangsnes, Joar Langeland, Julian Avsnes Saue, Ola Haugan Solheim, Emil Haugan Solheim, Eirik Soma Ersland, Jonatan Dale, Sondre Soma Ersland, Tristan Thorkildsen Thorsen, Kevin Kvernenes, Erlend Blokhus, Brage Ripel Harsvik.
Trio 2: Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, André Nordøy, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Vegar Seljelid Joleik, Jonas Hjelmeland Naterstad, Noah Smith, Mohammed Aljalan, Michael Løland, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland.

– Trenar Trio 2, Are Ulseth