G13 er i helga i Haugesund på Regy Cup. Vi har mixa vale- og husnesgutar i to jamne lag og begge har fått tøffe og jamne puljer å bryne seg på. I sluttspelet søndag fekk begge laga prøvd seg på straffekonk og laga rauk i kvar sin kvartfinale.

Trio2 starta med morgonkamp i Haugarhallen. Eit godt og solid Stegaberg vann 3-1 i ein jamn og spanande kamp. Dei punkterte med å kontre inn 3-1 med siste spark på ballen då vi jaga utlikning. Emil nikka inn vårt mål etter brassespark av Fredrik. I neste kamp vart det 0-0 mot eit teknisk Nymarklag i ein veldig intens og forrykande kamp. Dette kunne vippa begge vegar, og uavgjort var mest rettvist. Vi mangla toppscorar Elias, som ligg heime i sjukesenga.

Trio1 opna med 1-0 i ein veldig tett kamp. Ølen var best i starten, men Trio kom sterkt utover og tok sigeren takka vera scoring av Mohammed. I andre kampen vart det ein lett 5-1-siger over Nordre Fjell. Storspel av gutane og mål av Mohammed (3), Tristan og Sander.

Dermed var Trio1 klare for A-sluttspel før siste kamp mot Viking, medan Trio1 også kunne gå dit med siger mot Djerv 1919. Men det vart ein stor nedtur med 0-2-tap etter ein svak kamp frå oss. Det skal nemnast at Djerv-laget vann 6-0 i sin første sluttspel, så totalt sett var nok pulja vår ganske tøff, men tapet i denne kampen skuldast utelukkande ein dårleg prestasjon frå oss. Trio1, derimot, bydde på ein forrykande festkamp mot Viking og vann 4-3. Dermed puljevinnar, A-sluttspel og topp stemning.

Vi koste oss med bowling, pizza, diskotek og generell siging rundt i området laurdagskvelden, før gutane var like flinke som kvelden før til å skru av brytaren og slokne i soveposane kl 23. Imponerande.

Flott anlegg!

Og kreftene trengtest til dag 2. Her vart det hektisk då vi skulle følge to lag, som begge fekk sine kampar utanfor idrettsparken. Trio2 først ute med dyst mot Sauda, som vi kjente att frå Zinken Cup i vår, der dei var i finalen. Her bretta vi verkeleg opp ermene og gjorde ein kjempekamp. Vi tok kommandoen frå start og Emil sette inn 1-0 etter fin pasning frå Mathias. Så gjorde Brage H 2-0 med ein kunstlobb av dei sjeldne frå skrått hald. Og ikkje lenge etter steig skyhøge Emil enda meir skyhøgt til vers og nikka Brage sin perfekte corner rett i krysset. 3-0 og gutane var i hundre. Sauda reduserte på neste angrep, men 3-1 midtvegs var veldig fortent. Så sendte Sauda fram sin stjernespelar frå stopparplass til spiss og han brukte 7 sekund av andre omgang på å redusere. Vi kjempa likevel godt og sto til og med i 3 minutt med ein mindre då Abdi fekk gult kort, meeen så kom jaggu utlikninga heilt på tampen likevel. Men vi fekk likevel oppturen vi trengte då vi vann den påfølgjande straffekonken.

Forskjell i kosthald på veg heim frå cup.

Trio1 skulle på si side ut i A-sluttspel og 1/8-finale mot eit robust Austevoll. Det vart ein forrykande og temperamentsfull kamp med gule kort til både spelarar og trenarar. Vi er vel klare på at det var motstandaren sin trenar som gjekk langt over streken, men kvart lag fekk ein trenar sendt på tribuna i 10 minutt. Og det kokte godt ute på banen også, og også der var det austevollingane som sleit mest med å halde fokus. Det krydde av tøffe duellar og André utlikna Austevoll si tidlege leiing. Dermed endte det 1-1 og også her vart det straffekonk. 3 av våre 4 scora og sidan dei andre hadde to bom, slapp Joar å ta den femte straffen. Vi noterer ei knallgod straffescoring av Jonas, sidan han ytterst sjeldan noterer seg i målprotokollen :)

Dermed var laga kvar for kvartfinale i kvart sitt sluttspel. Trio2 møtte same Viking-laget som Trio1 møtte dagen før. Dette vart ein litt for rotete kamp av oss med for mykje lange ballar. Det utnytta Viking best. 0-1 midtvegs og 0-2 rett etter pause ved keeper direkte på utspark. Ny miss like etter og det endte 0-3.

Då gjekk kvartfinalen til Trio1 heldigvis på same bane, så det var rett på tribuna å få med seg den. Her var sterke Gneist motstandar, eit lag som skulle gå heile vegen og vinne turneringa. Ergo vart det tap for oss, men heile første omgang var jamn og med Martin sitt formidable storspel i buret, kom ikkje 0-1 før like før pause. Gneist sitt tekniske og bevegelege spel vart til slutt likevel ei munnfull for mykje. Ei flott redusering ved Brage K, men vi tapte 1-3. Der med var Regy-eventyret 2019 over.

Trio 1:
Martin, Joar, Andre, Noah, Brage K, Mohammed, Andri, Sander, Tristan, Jonas, William, Håkon.
Trenarar: Trond og Geir Øystein.

Trio 2:
Andreas, Michael, Anders, Edvard, Vegar, Emil, Abdi, Brage H, Fredrik, Mathias, Gunnar.
Trenarar: Geir Atle, Ragnhild og Are.