Serieleiar Odda på bortebane, stort tøffare får vi det ikkje i år. Oddingane har eit temposterkt og velspelande lag med enkeltspelarar som snusar innom kretslaget. Vi fekk køyrd oss i starten og hang litt i taua før pause, men andreomgangen var veldig solid og vi fekk løn for mykje hardt strev då Tristan sprang gjennom på ei kontring på tampen og sette inn sigersmålet.

Fine speleforhold i striregn på Odda kunstgras. Så lenge det ikkje bles, gjer det ingenting at alt er søkkande vått. Odda gjekk til verket med stor intensitet og trykka oss kraftig bakpå i starten. Martin varta opp med fleire gode redningar, men med våt bane og glatt ball vart det farleg også med mange returar. Dei sleit vi med å vera merksame nok til å rydde unna. Men måla skulle kome på straffar i starten. Anders var for hardbar i feltet og André med ein litt klumsete hands, dermed 2-0 med to kontante forsøk frå straffemerket. Men vi svara rett etter då Abdi fann Elias på løp. 2-1.

Men første 25 minutta sleit vi veldig. Abdi og Tristan fekk ikkje tak på den sentrale midtbanen og vi gjorde grep og bytta innpå Emil og Mohammed her, med klare instruksar om korleis vi måtte korrigere problema. Intensitet i press, tempo i pasningsspel og ikkje minst heilhjarta returløp for å demme opp for Odda sine raske overgangar, måtte til. Det fekk dei to nye imponerande god kontroll på. Dette var nøkkelen til suksess resten av kampen.

Oddas 3-1 på ein retur vart besvart med 3-2 ved Elias på retur etter Mohammed sitt frispark, men det var heilt på sin plass at vi var under midtvegs. Likevel mykje bra å ta med seg etter justeringane og med ti gode minutt før pause hadde vi tru på andreomgangen.

Og det som skulle rettast på, vart retta på til gangs i andre omgang. Vi klarte å kome opp eit hakk i tempo i bein og hovud og viste stor aggresivitet. Odda sitt raske angrepsspel vart brøte opp og vi klarte omtrent å hindre dei kome til målsjansar heile andre omgang. Ikkje så mange store sjansar for oss heller, men stor intensitet og spaning i kampen. Den vart ikkje mindre då André var framme og stanga inn ein corner frå Mohammed.

No sto kampen og vippa og det var utruleg kjekt då Tristan kort før slutt sprang gjennom på ei kontring og sikkert sette inn sigersmålet. Jubelen sto i taket.

Dette var siste samarbeidskamp for sesongen, som Trio 3 nyttast til. Rett nok ein kamp att av sesongen, men den tek husnesingane seg av åleine, når Rosendal kjem på besøk på søndag. Det blir ein prestisjekamp, der gutane skal besvare at trenarane gav frå oss vårkampen mot Rosendal til G12-laget vårt :D

Kampfakta frå Odda stadion: G13 Odda-Trio3 3-4 (3-2)
1-0 (14 minutt) straffe
2-0 (20 minutt) straffe
2-1 (24 minutt) Elias Ulbi
3-1 (29 minutt)
3-2 (34 minutt) Elias Ulbi
3-3 (53 minutt) André Nordøy
3-4 (68 minutt) Tristan Thorsen

Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Andri Sigthorsson (Noah Smith), André Nordøy, Anders Matre Vangsnes – Vegar Seljelid Joleik (William Heggøy), Abdisalan Zekeriye (Emil Haugan Solheim), Tristan Thorsen (Mohammed Aljajan), Brage Kvandal (Michael Løland) – Elias Ulbi.

– Are Ulseth