Triogutane hadde vore på KRIK sin nattcup i innebandy til langt på natt og halve gjengen vår stakk av med ein bronsemedalje der. Men kampstart allereie kl 12 mot Rosendal betydde at det var berre å gni søvnen ut av augene og snøre på seg fotballskorne. Lynving Vegar måtte sjå kampen frå sidelinja etter ein smell i ankelen på sist trening, men elles var alle klare for prestisjeduell.

Gutane var på hugget og gjekk rett i strupen på Rosendal. Store sjansar i opningsminutta, då Gunnar kom rundt fleire gonger på høgresida. Elias med ei lang tå og tuppa ballen like utanfor, medan Jonas si avslutning vart redda av keeper. I staden var vi veldig passive då Rosendal fekk kontre inn 0-1.

Tidvis var det kanonade i feltet til Rosendalkeeperen og Elias og Gunnar hadde ein gedigen dobbeltsjanse. Elias også med eit skot i stolpen, der Abdi sette returen utanfor. Men igjen, var vi for pinglete og lite oppofrande heimover. To kjappe i mot, og det sto 0-3. Mot spelets gong. Elias fekk ein kjempesjanse på eit flott innlegg frå Mohammed, men bomma regelrett på ballen.

0-3 midtvegs. Mykje ros for godt angrepsspel, her gjaldt det berre å vera tolmodige og peise på vidare. Men heimover måtte vi opp eit hakk i innsats, oppofrelse og vinnarvilje. Det retta vi godt på i andre. Det starta med eit innlegg frå Abdi, der Elias styrte ballen like utanfor. Skulle visst ikkje vera hans dag i dag. Men så fekk vi reduseringa, då ein særs opplagt Håkon la inn til Mohammed, som tok ned og dundra ballen inn. Håkon leverte sin beste kamp nokon gong i dag, mot det han meiner er erkerivalane våre.

Vi peisa på og det var fleire høve med møljespel og full panikk i Rosendalsfeltet. Men vi skulle ikkje få den inn. Før, endeleg! Elias lukkast til slutt og tuppa inn returen etter ein corner. Vi heldt trøkket oppe og Mathias og Michael hadde kvar sine store sjansar. Og Mohammed og Elias kontra inn eit mål som vart avblese for hårfin offside.

Vi jaga utlikning, men så dabba vi litt av og hadde vår svakaste periode i kampen. Likevel god defensiv kontroll og Rosendal var sjeldan farlege. Og ti minutt før slutt fekk vi utlikninga, då Elias missa ei dribling, men Jonas snappa returen og hamra den kontant i nota. Veldig fortent. Rett etter ein trippelsjanse ved Mohammed, Elias og Jonas, men Rosendalskeeperen sto han av og kampen ebba ut med uavgjort.

Då er siste seriekamp for året borte mot Moster på fredag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G13 Trio3-Rosendal 3-3 (0-3)
0-1 (6 minutt)
0-2 (20 minutt)
0-3 (21 minutt)
1-3 (40 minutt) Mohammed Aljajan
2-3 (44 minutt) Elias Ulbi
3-3 (61 minutt) Jonas Hjelmeland Naterstad

Dommar: Hallvar Saghaug
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, Andre Nordøy, William Heggøy, Gunnar Eikemo Steine, Abdisalan Zekeriye, Jonas Hjelmeland Naterstad, Brage Kvandal, Elias Ulbi, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland, Michael Løland, Mohammed Aljajan.

Are Ulseth