I pinsehelga er Trio G13-2 og -3, som vi heiter i serien, med på Bø Cup, eller Bø Sommarland Cup, om ein vil. Dette er gutane frå Husnes og Herøysund og vi stiller 15 ‘mann’ og eitt lag på cupen. Ein stor andel foreldre er med og gjengen bur på hytte på Lifjell, så dette har vore teambuilding for både store og små.

Bø Sommarland Cup er ein høveleg stor cup, som trekkjer til seg lag frå både vest og aust. I år var over 160 lag med, og vår klasse var den største med 22 deltakande lag. Det betyr at banane er litt spreidd utover, slik at det vert litt køyring i mellom.

Ankomst Bø fredag kveld og folk kom raskt i orden i ei stor og flott hytte. Kvelden gjekk med til grillkos, landskamp og generelt god stemning med høg adrenalnfaktor på gutane. Men dei var flinke å kome seg i seng i skapeleg tid. Og det var bra, for allereie kl halv ni på laurdagsmorgonen var første kamp sett opp. Den gjekk på ein flott grasbane på Hørte, 5 km unna Bø sentrum. Mostandar var Kongsberg 1, som før sesongen hadde slått saman 3 lag ved overgangen frå barnefotballen. Vi gjekk ut i frå at desse ville vera hakket sterkare enn våre karar, men i første omgang gjorde gutane førehandsbekymringane til trenarane til skamme. For vi var fullt på høgde og hadde fleire sjansar til å score. Mohammed avblåst for hårfin offside, Elias åleine gjennom og eit godt skot av Vegar, var våre beste tilbod. Men nettkjenning fekk vi ikkje, og i staden fekk Kongsberg 1-0 før pause, då ein av våre ikkje hang med. 6 bytter i pausen, men likevel var også resten av kampen jamn i spel. Men ikkje framom mål, for Kongsberg var uhyre effektive og scora på alle sine store sjansar. Dermed endte det 0-4.

Då var ikkje neste kamp før kl 17.20 på ettermiddagen, altså mange timar tilgjengeleg for ein tur i Sommarland. Gutane bada til dei var blå på leppene, sjølv om utetemperaturen var på mars-nivå og det regna som skulle vi vore heime på Vestlandet.

Ny kamp, denne gong mot Oslo-laget Hauketo frå søndre Nordstrand. Vi hadde fått tips på førehand (vår spion og kampanalytikar Brage fornektar seg ikkje) om ein lynrask spiss, og han brukte berre 20 sekund på å presentere seg. Han sprang frå alt og alle og scora. Etter det tok vi over og hadde føringa i kampen. Gode sjansar skapte vi også, men til slutt var det litt flaks som skulle til då vi utlikna. Langskot frå Mohammed, som keeper glapp inn. Fullt fortent. Og vi trøkka på vidare og eit stykke ut i andre omgang gjekk vi også i føring då igjen Mohammed pirka den inn, etter sjansebonansa i feltet. Men med siste spark på ballen utlikna Hauketospissen med eit godt frispark frå 15 meter. Surt, men flott innsats av gutane.

Søndag morgon var det dyst mot Bærumslaget Jardar. Der har vi faktisk ein på laget som fungerte som informant, då han har slekt i området og har tilbragt feriar der. Jardar var eit fintspelande lag, som vi var fullt på høgde med, lenge. Men så vart det eit baklengs før pause, og tre nye etter, slik at det endte 0-4. Nok ein kamp der vi stort sett er jamn med motstandaren, men ikkje lukkast i siste trekket framme, og etter kvart glipper litt bakover.

Til slutt var siste puljekamp mot ROS, Røyken og Spikkestad IL. Sidan det kun var A-sluttspel og dei 5 puljevinnarane fekk følge av berre dei 3 beste toarlaga, var det ikkje sjans for avanse ment. For oss, men det var det for ROS 2. I følge eit anna lag lånte dei spelarar frå føstelaget for å ta seg vidare, men uansett gjorde vi ein god kamp. Vi hadde sett dei hadde ein fysisk, rask og sterk spiss, som dei spelte mykje mot. Vi var budd på det og Andre og Michael klarte på imponerande vis å stagge dei. 1-1 til pause, etter at Mohammed sendte oss i føring. Etter pause hadde vi nok av sjansar, men ROS avgjorde på noko som såg ut som offside. Skit av, ein solid kamp av oss dette.

Totalt sett 4 gode kampar i ei tøff pulje med motstandarar vi spelte jamnt med. Marginane var ikkje med oss, men alle 15 fekk spele om lag like mykje. Stort sett ingen sure miner for at det i hovudsak vart ein omgang på kvar i kvar kamp. Slik må det bli når vi er så mange på tur. Og kjekt har vi hatt det. Fleire krona det med ny tur i Sommarland søndag ettermiddag, sidan regnversgarantien etter laurdagsturen gav gratis inngong.

Takk til både store og små som sørga for ei kjekk cuphelg. På tysdag er det seriekamp.