G13: Bremnes 2 – Trio1 1-12

Med Trio 2 sin kamp mot Bremnes 3 godt i minnet, så reiste det ein spent gjeng til Svortland for å møte Bremnes 2. Pga haustferie og skadar så mangla Valegjengen 5 mann til denne kampen, men var så heldige å få med seg Sondre og Eirik frå G12 (Ternen/Trio) og Mohammed og Andrè frå Husnesgjengen.
Det som etterkvart skulle bli einvegskøyring, starta relativt jamnt og det var to lag som kjempa godt. Bremnes var hakket betre spelemessig i byrjinga, men Triogutane var godt tente og vann det meste av duellar. Midtvegs i fyrste omgang fekk dagens kaptein Brage, eit draumetreff frå 15-20 meter der ballen fauk i tverrliggar og inn. Nokre minuttar seinare fekk me frispark ute ved sidelinja og Emil var ikkje verre på det enn å knalla til mot mål og ballen gjekk via ein Bremnesspelar og i mål. Resten av omgangen varierte litt att og fram, men dagens nykomponerte forsvar med Andrè, Joar og Emil/Magnus rydda opp det meste, og det som kom hakket vidare rydda keeper Fredrik opp i. Så me gjekk til pause med 0-2 leiing.
I pausen preika me om å tette litt igjen på midten der me følte at Bremnes slapp litt for enkelt gjennom, ellers så skulle me fortsetje å trø til i duellane og halde fokus på å spele oss gjennom dei ulike ledda.
I byrjinga av andre omgang fekk me to kjappe mål av Mohammed som kriga inn eit på corner og eit på eit flott soloraid. Etter dette så mista Bremnesspelarane litt gnisten, medan me spelte flott fotball og opprettholdt fokus. Tristan spelte Sander nydeleg gjennom med ein stikkar, som var iskald aleine med keeper og ordna 0-5. Like etter fekk Emil servert ballen av motspelar midt på Bremnes sin banehalvdel, takka og bukka med å fyre av eit langskot det lukta svidd av, bang i mål! 0-6. Eit par minuttar etter fekk han nok eit lykketreff og det stod plutseleg 0-7. Så var det Tristan sin tur. På eit par minuttar ordna han både 0-8 og 0-9 med eit flott skudd og eit herleg soloraid der han med ein typisk Firmino-signatur, avslutta med ein no-look scoring.
Sander hadde heller ikkje gitt seg for dagen og ordna 0-10 med eit flott skot frå distanse. Sondre ville sjølvsagt visa at G12 gutta kunne scora mål òg, og dansa seg gjennom forsvaret og satt ballen iskaldt i mål.
No bestemte gutane seg for at me for ein gongs skuld skulle halda nullen og slapp seg litt bakpå og ville kontrollera litt bakover, det gjorde at Bremnes fekk nokre minuttar med eit lite overtak og 17 sekundar før full tid, så fekk dei seg eit fortent trøstemål etter litt klabb og babb foran vårt mål. Andreas, som hadde teke alt som kom sin veg i 2 omgang, måtte difor bite i det sure eplet og hente ballen ut av nettet. I tillegg mista han 50kr etter veddemål med faren om å halde nullen. :)
På overtid var det duka for eit lite tvillingshow der Sondre dribla 4-5 spelarar ute på høgre kanten opptil fleire gonger, før han fekk lagt knallhardt inn foran mål. Ein Bremnesspelar fekk kasta seg ned og klarert, men rett utanfor målfeltet stod broder Eirik og venta, han ekspederte ballen knallhardt i nettaket og fastsatte sluttresultatet til 1-12.
Ein fantastisk kamp av heile gjengen idag. Stolte trenarar tok dei med på McDonalds som ei flott avslutning på ein herleg tysdags ettermiddag.

Trio G13-1:
Andreas, Fredrik, Joar, Andrè, Magnus, Emil, Tristan, Mohammed, Sondre, Eirik, Brage og Sander.

-Trond Thorsen