
Full fest på Løveleikene
Ny rekord med 101 påmeldte deltakarar, og då vergudane hadde gjort frå seg akkurat til vi gjekk i gong, ja då måtte Løveleikene på Husnes stadion bli ein forrykande fest. Vårt årvisse friidrettsstemne for personar med ulike typar utviklinghemming er ein gladdag utan sidestykke.
Vi bestrebar oss på at arrangementet skal vera gratis og alle deltakarar fekk både tskjorte og medalje. Og i tillegg var det populært at både pølser, saft og kaffi var gratis i kiosken. Under registreringa var det stappfult både inne i salen på Triohuset, og utanfor. Så var det opning med talar av Arne Torget frå Trio friidrett, Geir Tore Søreide frå NFU-leiren på Halsnøy og ordførar Vegard Bjørnevik, før speaker Jan Tore Johnsen tok over og geleida oss gjennom arrangementet.
I tillegg til løpsdistansane 40 og 60 meter, var det 4 stasjonar som deltakarane roterte på, for å begrense køståinga: Liten ball, kulestøt, lengde og boccia. Uavhengig av prestasjon var idrettsgleda på topp. Og mykje sosialt innimellom. Maskotane var manntalige, både løva, apa, kaninen, høna og Trio-pandaen var på plass og spreidde lått og løye. Totalt om lag 30 funksjonærar må til. Takk til alle som bidrog, både frå Trio friidrett, Lions, onsdagsgjengen til Trio og andre. Og takk til våre økonomiske støttespelarar, Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad og Hydro, samt friidrettsgruppa sine sponsorar Tysnes Sparebank og Husnes Møbel.
Eit veldig velsmurd arrangement gjorde at det berre var blide fjes å sjå. Ein var sinna fordi han kom i seinaste laget, men i gang med øvingane var det ikkje lange stunda før han også gliste rundt. Og gleda for kvar og ein som vart ropt opp på pallen og fekk deltakarmedalje, og ein is, var verdt innsatsen mange gonger.
Vi gler oss allereie til neste år.





























