Full fart på Løveleikene
Som vanleg vart Løveleikene ein festdag, med strålande ver og 100 blide deltakarar. Trio friidrett skipa til stemne for personar med utviklingshemming og det var råd å prøve seg i kule, liten ball, boccia, lengde og fleire løpsøvingar. Alle deltakarar fekk startnummer og Løveleikene-tskjorte og då det var slutt, fekk alle opp på pallen og ta i mot premie.
Ein stor takk til alle ca 30 som var med og arrangerte. Frå funksjonærstaben til Trio friidrett, til andre som stilte opp og hjalp til, frå kioskpersonell til maskotar. Dette vart ein dag som mange hugsar lenge.
Under nokre bileter frå moroa.

























