I helga var det trenarkurs i friidrett på Triohuset. Henning Hofstad representerer friidrettskretsen og hadde teke turen for å kurse oss i trene barn og ungdom. 9 deltakarar gjennomførte kurset, to frå Rosendal Turnlag, resten frå IL Trio. Teori på Triohuset laurdag og praksisøkt i Husneshallen på søndag. Takk til dei unge lovande som stilte på ekstratrening, så vi fekk øvd oss på å gjennomføre trening. Dette var nyttige greier, ikkje minst å få spedd på “øvingsbanken” med mange kjekke øvingar.

Våre treningsgrupper er allereie godt i gong med utetreningar og førstkomande onsdag har vi vårens første seriestemne på Husnes stadion. Det blir kjekt! :)

Kurshaldar Henning Hofstad forklarer for eit lydhørt publikum.
Miomir og Svein har uttøying etter si økt.
Hekkeøving sto på tapeten på dagens trening, då det på onsdag skal springast 200m hekk.