Onsdag kveld arrangerte Trio friidrett seriestemne i strålande sommarver. Heile 51 deltakarar totalt sett, sjølv om vi denne gongen ikkje hadde kapasitet til kastøvingar for ungdomsklassen. Dei øvingane blir sett opp ved eit seinare høve. Barna tevla i lengde, liten ball, 40 meter og 800 meter, og til slutt var det heile 14 deltakarar då ungdom og senior stilte på startstreken for 3.000 meter. Her hadde vi med ei handfull unge karar frå Odda, som imponerte med høgt tempo. Lars-Olav Måkestad Apold var raskast av alle med ei tid rett under 8.50.

Vedlagt er resultater frå stemnet, samt nokre bileter.

14 deltakarar til start på 3.000 meter er ikkje daglegdags kost.