Trass periodar med særs vrange vergudar, var deltakinga på onsdagens seriestemne uvanleg god. Heile 36 deltakarar totalt er uvant kost. 33 av desse var i barneklassane og er eit resultat av at vi i friidrettsgruppa no i haust har fått i gang treningsgrupper for både 1.-2.klasse, 3.-4.klasse og 5.-7.klasse. Her er det mange ivrige nye utøvarar og det borgar for auka aktivitet på friidrettsfronten. Kjekt å sjå mange spente små i sitt første stemne, og kjekt å sjå framgang til dei som har vore med ei stund.

Ådne Stuland Olsen kasta både slegge, diskos og kule, og sette ny pers i kuleringen med 11,89 meter. 12-metersgrensa skjelver av frykt. Dagens prestasjon kom likevel til slutt, då 15-årige Haakon Skjelnes Myklebust sprang 5.000 meter. Det såg ut til at ungguten frå Rosendal måtte gjere det mutters åleine, men Ronny Nordal stilte velviljug opp på kort varsel som hare. Dei la ut presist på eit skjema med 80-sekundsrundar og Haakon avslutta med ein fyrrig sisterunde på 71 sekund. Sluttida vart 16.40.5, og det er tredje beste tid på Norges Friidrettsforbund sin årsstatistikk. Det er imponerande av ein gut som har drive med løping i berre eitt års tid.
Vedlagt resultater frå stemnet.

Ådne Stuland Olsen med ny pers i kule.

Sterk 5.000 meter av Haakon Myklebust Skjelnes, her med Ronny Nordal som hare i starten av løpet.