Siste helga i august arrangerte idrettslaga Hovding, Gular og Bergens Turnforening dei årvisse Bergenslekene i friidrett i på Leikvang stadion, kjent som eitt av Vestlandets største barne- og ungdomsstemner. Her var totalt 49 klubbar med og IL Trio si friidrettsgruppe representert med 5 lovande utøvarar frå 9-12 år. Dei deltok i både løp, hopp og kast og fekk mykje god omtale av speakeren på arrangementet for flotte prestasjonar.

I gutar 12 år deltok både Ådne Opsanger Tveit og Sander Sæverud Jensen, medan Andrei Bringedal og Alexandra Tveit Rosendahl deltok i 11-årsklassen. I tillegg var Heine Sæverud Jensen med på 40 meter og lengde i gutar 9 år. Aller best prestasjonar kom nok i høgde, der Alexandra flaug over 1,36 meter, noko som gjev over 1000 poeng på Tyrving-tabellen, som rangerer dei ulike øvingane mot kvarandre. Ådne imponerte også med å sno seg over 1,41 meter. Andrei sin beste prestasjon var 11,84 på 80 meter, medan Sander sitt spydkast på 17,80 meter gav 2.plass. Elles er alle våre flinke i lengde. Andrei var best av alle i sin klasse med 3,93 meter, medan Ådne og Sander hadde hhvis 3,88 og 3,66 meter.  

Komande onsdag er det seriestemne på Husnes stadion. Friidrettsgruppa legg opp til seriestemne på desse onsdagane, 8/9, 29/9 og 20/10, samt Kvinnheradmeisterskap i friidrett laurdag 23/10. Følg med på IL Trio friidrett si Facebookgruppe.

Resultater frå Bergenslekene: 
G12:  
60 m hekk: Sander Sæverud Jensen 11,91 og Ådne Opsanger Tveit 12,13
60 m: Ådne Opsanger Tveit 9,56 og Sander Sæverud Jensen 10,23
80 m: Ådne Opsanger Tveit 12,46
600 m: Sander Sæverud Jensen 2.10,76 og Ådne Opsanger Tveit 2.13,99
Lengde: Ådne Opsanger Tveit 3,88 og Sander Sæverud Jensen 3,66
Høgde: Ådne Opsanger Tveit 1,41 og Sander Sæverud Jensen 1,17
Spyd: Sander Sæverud Jensen 17,80 og Ådne Opsanger Tveit 17,45
Diskos: Ådne Opsanger Tveit 16,56 og Sander Sæverud Jensen 15,22 
G11: 
60 m: Andrei Bringedal 9,02
80 m: Andrei Bringedal 11,84
600 m: Andrei Bringedal 1.56,79
Lengde: Andrei Bringedal 3,93
Høgde: Andrei Bringedal 1,17 
J11: 
Høgde: Alexandra Tveit Rosendahl 1,36 
G9: 
40 m: Heine Sæverud Jensen 7,54
Lengde: Heine Sæverud Jensen 2,90