Onsdag arrangerte Trio friidrett seriestemne på Husnes stadion. Medan vi normalt har god dialog med vergudane til arrangementa våre, hadde noko svikta denne gongen. Kapitalt. For det ausa ned og gjorde forholda særs krevjande for både deltakarar og funksjonærar. I tillegg til at frammøtet gjekk kraftig ned, sjølvsagt.

Berre 19 deltakarar denne gong, og det vart konkurrert i slegge, spyd, liten ball, lengde, tresteg, samt løpsdistansane 40 m, 80 m, 100 m og 200 m hekk. Vedlagt er resultatliste.

Ausregn gjorde forholda for tresteg og andre øvingar krevjande. Her er Heine Sæverud Jensen (14) i lufta.
Flott innsats av dei yngste på 40 meter.
Haugesund Sparebank er hovudsamarbeidspartner for IL Trio.