Friidrettsgruppa nytta i onsdag kveld høvet til å klappe seg sjølv på skuldra for god innsats gjennom sesongen, med ei triveleg samling og juletallerken på Gry Helges. Vi fekk ikkje med alle, men 10 av dei ivrigaste representantane for friidretten i Trio var samla. Både styre, trenarar og faste stemnefunksjonærar.

Her vart det diskutert mykje og vi la også framtidsplanar. Vi har fått i gang ei fjerde treningsgruppe og vi har arrangert 6-7 stemner i løpet av året. No har vi for første gong fått oss treningstider i Husneshallen og Kvinnherad Arena og får høve til å få treningar av god kvalitet også vinterstid.

Så har vi planar om å ta over som arrangør av Løveleikene (friidrettsstemne for personar med funksjonshemming), og vi ønskjer å få til eit nytt, lokalt løp, som erstatning for Søralløpet til Søral Bedriftsidrettslag. Her trengs imidlertid mykje god planlegging og mykje folk for å vera med å arrangere. Men målet må vera å få det til 😊