Førstkomande onsdag, 19.mai, skipar Trio friidrett til seriestemne på Husnes stadion. Vedlagt under er plan for arrangementet. Vi legg opp til lengde, kule og 60 meter hekk som hovudøvingar, og frå 3.klasse og eldre blir det også råd å springe 400 meter. Først ut er slegge og diskos for ungdom og senior, og her er det råd for barn frå 11 år og opp å bli med. Når vi avsluttar med 5.000 meter, bør det i løpet av kvelden ha vore noko for ein kvar smak. Tidsplan for stemnet er vedlagt nederst.

Elles nemner vi at Tysnes Sparebank er ny hovudsponsor for friidrettsgruppa.
Vi er veldig takksame for at dei har inngått ein 3-årig avtale med oss.

Tidsplan for seriestemne 19.mai