Friidrett: Seriestemne 29/9
Sist onsdag skipa friidrettsgruppa til seriestemne på Husnes stadion. Denne gongen vart det diverre ikkje kastøvingar og 3.000 meter for ungdom/senior, men likevel var det strålande deltaking med 44 friidrettsutøvarar i alderen 6-12 år. Det vart konkurrert i kulestøt, lengde høgde, 600 meter hekk, samt terrengløpsdistanse på hhvis 600 og 1200 meter, etter alder. Terrengløypa var laga med start og mål inne på stadion, og sjølve løypa på blanding av asfalt, grus og gras i ei sløyfe rundt stadion.
Her er resultater frå stemnet.