Onsdag arrangerte friidrettsgruppa eit lite kaststemne, ein såkalla kastfemkamp med øvingane slegge, diskos, spyd, kule og vektkast. I tillegg hadde vi ein 1500 meter. Totalt var det 8 deltakarar på stemnet, vedlagt er resultater.

I tillegg var det oppstart i treningsgrupper for 1.-2.klasse, 3.-4.klasse, samt 5.-7.klasse. Vi ønskjer faste grupper, men det er rom for “drop-in” viss det er plass i gruppene. God påmelding i gruppene, det er kjekt å sjå. Amund Tveit har teke på seg trenaransvar for den yngste gruppa, medan Ingunn Sæverud Jensen har hovudansvar for dei to andre. Men vi treng fleire med, så her er det berre å melde seg for å bidra :)

– Leiar i friidrettsgruppa, Are Ulseth
Vedlagt nokre bileter frå forrige stemne.