Bente Hellevik til venstre, jublar for lagsrekord i lag med Kenneth Blom, Tor Harald Bringedal og Gunnar Vaage.

Vi var nøgde med 36 som ny deltakarrekord på seriestemne i fjor haust, men den vart ettertrykkjeleg slått i kveld. Heile 51 deltakarar kunne vi notere, noko som utan tvil er største seriestemne på Husnes stadion. I tillegg vart kvelden avslutta med ein Trio-rekord. Bente Hellevik sette ny lagsrekord på 5.000 meter med 20.22.0.

Det var 8 deltakarar på den avsluttande 5.000 meteren. Erlend Nymark Jensen har Trio sin lagsrekord for menn med 16.13. Den er frå 2016, og Erlend har sidan representert Bergen Løpeklubb. Han noterte seg for 15.52 på seriestemne i august i fjor, og i dag var han i ein klasse for seg med 15.42. Men altså ikkje lagsrekord, sidan han representerer ein anna klubb. Bente Hellevik derimot, noterte seg for ein imponerande rekord for kvinner. Ho sette den forrige med 21.20 i august i fjor, og var i kveld altså nær minuttet betre!

Elles var det særs god deltaking i klassane 7-12 år. Heile 42 deltakande barn, og 32 av desse frå Trio. Og nesten like mange jenter som gutar, kjekt. Litt varierande øvingstilbod mellom klassane, men det vart konkurrert i lengde, høgde, kule, 60 m hekk og 400 m, samt at 11-12-åringane også fekk høve til å utfordre seg i slegge- og diskosringen. Kjekke opplevingar og prestasjonar frå alle.

Her er resultater frå stemnet.

Idar Sjo med eit flott kulestøt.
William og Gabriele hadde opplagt øvd på hekkepasseringar.
Paul flyg langt i lengdegropa.