Tre utøvarar frå Trio var påmeldt dei årvisse Mailekene i Haugesund. Sterke resultater frå våre:

Andrei Bringedal (G15) tok sølv på 200 meter med 24,92 og sølv i lengde med 5,15 meter. Begge delar er ny pers og det var første gong han passerte 5-metersgrensa i lengdegropa.

Alexandra Tveit Rosendahl (J15) tok gull i kule (3 kg) med 7,01 og på 800 meter med 2.26,92, noko som er pers med nesten 4 sekund. Det vart også gull i lengde med 4,85. Det er lengre enn persen, men det var for mykje medvind til at den blir godkjent som personleg rekord. I tillegg tok ho sølv på 80 meter hekk med 12,87, og 5.plass på 100 meter. Her er 13,75 ny pers. Ho tok også 6.plass i ein superfinale 100 meter med seniorar, då vart tida 14,24.

Ådne Opsanger-Tveit (G16, biletet) vann 100 meter hekk med 15,95 og tok også gull i høgde med 1,70. Det er ny personleg rekord og han vann konkurransen etter ein forrykande tett duell med ein haugesundar. Sterkt å dra fram sitt beste då. I lengde vart det 2.plass med 5,31 meter. Det vart 7.plass på 100 meter med 13,22, og i superfinale 100 meter med senior vart det 3.plass med enda sterkare tid: 13,16.

Vidare stemner utover våren er Framoleikene og Hardangerfestivalen, og Andrei skal også delta på Tyrvinglekene utpå sommaren. Og onsdag 11.juni er det vårens siste seriestemne på Husnes stadion.