Friidrett: Kretsrekord til Hildegunn!
49 deltakarar på onsdagens seriestemne i friidrett på Husnes stadion. 10 av del var i alderen 0-6 år, som fekk springe 60 meter, før det vanka ein is. Stemnet vart avslutta med 1500 meter, der Hildegunn Håland sette kretsrekord i klasse veteran 60-64 år, er formidable 47 sekund raskare enn den 24 år gamle rekorden til ei frå Bergen. Hildegunn sette kretsrekord i klasse 55-59 år i fjor haust, og har altså nytta årsskiftet til å gå ein klasse opp i alder. Dermed har ho rekord i begge. Raskaste tid på 1500 meter hadde 44 år yngre Cecilie Sundal Utne, som klokka inn på habile 5.13,3. Det må seiast å vera solid, når ein tek med at det var sur vind under løpet. Vetlesystra Amalie noterte forbetring av personleg rekord med 25 sekund!
Også resultata i lengde og korthekk bar preg av guffen motvind.










