I helga arrangerte Hordaland friidrettskrets kretsmeisterskap (KM) på bane på Fana stadion. Trio var representert med to utøvarar, Alexandra Tveit Rosendahl i jenter 13 år og Ådne Opsanger Tveit i gutar 14 år. Gode prestasjonar, medaljar og nye personlege rekordar også denne helga. 2 gull og 3 sølv på Alexandra og 2 gull og 2 sølv på Ådne.

Alexandra vart kretsmeister i høgde med 1,35, eit stykke bak persen på 1,42 frå Bergenslekene tidlegare i haust. Ho vann også 200 meter hekk på tida 35,73. Så fekk ho sølv på 200 meter med 29,48, etter å ha forbetra sin personlege rekord med godt over sekundet. Sølv vart det også i lengde med 4,46 meter, og på 600 meter med 1.51,41, betring av personleg rekord med nesten 6 sekund!

Ådne vart kretsmeister på 80 meter hekk med tida 13,10, som er nesten sekundet betre enn bestetida han hadde for 10 dagar. Han sette ny pers med 13,31 på Oslekene sist helg, og var altså no enda raskare. Men medvinden var denne gong større enn at den formelt blir godkjent som personleg rekord (+2,5m/s). Han vann også lengdekonkurransen med 4,79 meter. I høgde vart det sølv med 1,50 meter, og han tok sølv på 200 meter hekk med 32,97, tre hundredelar bak eigen pers. I tillegg vart han nr 4 på 60 meter med 8,75 og same plassering på 200 meter med 27,94 (ny pers).

Neste helg er det Kvinnheradmeisterskap på Husnes stadion.