Seriestemne i friidrett i sommarsola på Husnes stadion i ettermiddag, med totalt 41 deltakarar og mange flotte prestasjonar. Deriblant ein klubbrekord. Vi trudde ei stund det var snakk om to, men ein sjekk i historiebøkene viser at det var berre nesten.

Alexandra Tveit Rosendahl fyller 14 i år, men slo likefullt sin eigen klubbrekord frå i fjor på 600 meter. Ny rekord er på 1.48,4. Nær to sekund betre enn den gamle. Og på 5.000 meter låg Holmfridur an til ei veldig god tid og eldre herrer som bivåna hevda at dette måtte bli ny Triorekord. Frida sprang inn på 20.23,6. Og ein sjekk av rekordtidene viser at Bente Hellevik sin klubbrekord på distansen er på 20.20,2. Close, but no cigar. Ingen av dei røyker sigar uansett.

Topp stemning under arrangementet der det vart konkurrert i kulestøt, lengde, høgde, korthekk av ymse distansar, samt altså 600 og 5.000 meter. Brukbar deltaking også, sjølv om 5.-6.klassen sitt fråver i form av skuletur merkast på antalet. Vedlagt er resultater.