Blide 11-åringar på pallen i høgde. Iver gjekk til topps, David tok sølv, medan Ola og Paul delte bronsen. Foto: Line Steffensen Holmedal.

Laurdag skipa friidrettsgruppa til den årvisse Kvinnheradmeisterskapen. Totalt var det 56 deltakarar, ein god auke frå i fjor. Over 30 av dei i frå Trio. Forutan ei god handfull vaksne, var det i yngre rekkjer deltakinga var best. Vi manglar deltakarar i klassane 14 år og eldre. Men vergudane var av det rause slaget. Etter å ha truga med både vind og regn, varta dei sågar opp med gløtt av sol.

Sjølv om det er små forhold i friidretten her i Kvinnherad, så skal ein nok leite lenge etter stemner med heile 13 deltakarar i sleggekast og diskos. Veldig kjekt at vi har stor interesse for kastøvingane. Liten ball og kulestøt sto også på planen. Det gjorde også lengde og høgde, samt løpsøvingane 60 meter, 200 meter, 600 meter, 1.500 meter og 5.000 meter. Vi rettar ein stor takk til alle som bidrog så vi klarte gjennomføre alle øvingar. Det meste gjekk etter plan, sjølv om vi måtte improvisere litt og dele den imponerande store gruppa i 3.-5.klasse i to, for å begrense køståing. Vonleg hadde alle ein triveleg dag, tilbakemeldingane var i allefall positive.

Vedlagt er resultater, samt nokre bileter frå moroa.

Startar Dagfinn Jensen instruerer dei 5 deltakarane i den avsluttande 1500-meteren.
Foto: Line Steffensen Holmedal.
Strålande nøgde 6-7-åringar etter å ha fått både medalje og is. Foto: Are Ulseth.
Lillan Eikemo Steine var einaste deltakar i jenter 11 år, og håva då inn med gullmedaljar. Gode prestasjonar, best smakte kanskje at ho kasta 9 cm lenger enn mora i sleggekast. Og at ho ferska mora i å kaste for lett kule :D Foto: Gunn Heidi Eikemo.
David best av 11-åringane på 1.500 meter, framom Paul og Ola. Foto: Line S. Holmedal.
David Steffensen Holmedal med laurdagens medaljefangst. Bronsemedaljane var dei finaste, kunne han nøkternt melde. Foto: Line Steffensen Holmedal.
Tysnes Sparebank sponsar friidrettsgruppa til IL Trio.