Friidrett: Kjekt Kvinnheradmeisterskap
Laurdag skipa friidrettsgruppa til den årvisse Kvinnheradmeisterskapen. Totalt var det 56 deltakarar, ein god auke frå i fjor. Over 30 av dei i frå Trio. Forutan ei god handfull vaksne, var det i yngre rekkjer deltakinga var best. Vi manglar deltakarar i klassane 14 år og eldre. Men vergudane var av det rause slaget. Etter å ha truga med både vind og regn, varta dei sågar opp med gløtt av sol.
Sjølv om det er små forhold i friidretten her i Kvinnherad, så skal ein nok leite lenge etter stemner med heile 13 deltakarar i sleggekast og diskos. Veldig kjekt at vi har stor interesse for kastøvingane. Liten ball og kulestøt sto også på planen. Det gjorde også lengde og høgde, samt løpsøvingane 60 meter, 200 meter, 600 meter, 1.500 meter og 5.000 meter. Vi rettar ein stor takk til alle som bidrog så vi klarte gjennomføre alle øvingar. Det meste gjekk etter plan, sjølv om vi måtte improvisere litt og dele den imponerande store gruppa i 3.-5.klasse i to, for å begrense køståing. Vonleg hadde alle ein triveleg dag, tilbakemeldingane var i allefall positive.
Vedlagt er resultater, samt nokre bileter frå moroa.