I helgas gjekk Stavanger Marathon av stabelen. Det fungerer også som NM i Marathon og difor har solid deltaking (over 1600 løparar). Her var 4 Trioløparar med. Og dei leverte sterke prestasjonar.

Gunnar Vaage sprang på 3.48.22, på ein relativt tung dag for han. Det var likevel nest best av 4 deltakarar i klasse 60-64 år.

I dameklassen hadde Trude Sundsteigen 29.beste tid med 4.12.13, noko som tilsvarar 6 minutt på kilometeren. Det var 12.beste tid av 14 deltakarar. Trude låg mykje betre til tidleg i løpet, men fekk det veldig tungt med kramper siste mila. Dette er første gongen Trude prøver seg på heilmarathon.

På den halve distansen sette Hildegunn Håland ny personleg rekord med 1.37.58, noko ho var særs nøgd med. Det var 13.beste tid i dameklassen og nest best av dei 20 deltakarane i klasse 50-54 år. Eit løp med stabilt 4.40 min/km gjennom samtlige 21 km.

I same slengen tek vi med at Holmfridur Adalsteinsdottir var heime på Island forrige helg og deltok i Reykjavik Marathon. Der vart ho faktisk islandsk meister med 3.04.43, og var med det nest raskaste kvinne i løpet.

Trio gratulerer med flotte prestasjonar.