IL Trio var godt representert med 7 utøvarar under helgas første stemne, Stordleikene. I temmeleg guffent ver på laurdagen, og betydeleg meir sommarleg dagen etter.

I 15-årsklassen vann Sander Sæverud Jensen stavkonkurransen med 2,40 meter. I spyd vart det 2.plass med 28,72, noko som er ny pers med over 3 meter (18.beste kast i landet i G15!)

God stavhopping av Sander. (Arkivfoto frå trening på Husnes stadion.)

I klasse gutar 15 år deltok Ådne Opsanger-Tveit og han vann høgdekonkurransen med 1,67, noko som er ein cm over den gamle personlege rekorden (og 8.beste i landet). Han vart nr 4 på 100 meter med 13,56 og same plassering på 200 meter med 28,41. På 100 meter hekk vart det derimot gull med 17,25. Gull også i lengde med råsterke 5,52 meter, som er ny pers med 23 cm og 10.beste hopp i landet i G15-klassen!

I J14 vann Alexandra Tveit Rosendahl 600 meter med 1.49,61 og ho tok sølv på 60 meter med 8,79 (ny pers). og i lengde med 4,76. Dette er 15 cm lengre enn persen ho sette i Strandebarm rett før sommarferien, og sjette best i landet i år i J14-klassen! (Rett nok har ho 4,87 innandørs i vinter.) Dagen etter vart det tre gull; med 29,29 på 200 meter, sterke 10,26 på 60 meter hekk (ny pers med 6 tidelar!) og 1,45 i høgde.

I 12-årsklassen var både Heine Sæverud Jensen og Giljar Saghaug Håland med. Gijar vart nr 4 på 60 meter med 10,91 og fekk same plass i lengde med 3,64. I tillegg vart det 5.plass på 200 meter med 37,50 og 3.plass på 60 meter hekk med 13,99. Heine tok 4.plass på 600 meter med 2.11,45 og vart nr 3 i kule med 6,78. I høgde vart det gullmedalje med 1,10 meter. Og einaste øvingane begge to deltok i var liten ball og spyd. Heine vann spydkonkurransen (12-13 år samanslått) med 24,88 meter (ny pers) og Giljar vart nr 3 med 15,00. I liten ball vart Heine nr 2 med heile 41,00 meter, medan Giljar tok 5.plass med 31,69.

Martin Tveit Rosendahl deltok i klasse gutar 11 år og dette er første året med plassering. Han vart nr 5 av 10 deltakarar på 60 meter med 10,77. Ein fin 3.plass av 8 deltakarar i lengde med 3,48.

I gutar 9 år deltok Vegard Sæverud Jensen og han fekk 11,60 på 60 meter og 1,00 meter i høgde. I lengde hoppa han 2,72 meter og i liten ball kasta han 25,44 meter (begge deler ny pers).