Topp stemning på 60 meter. Paul våga seg sågar på nokre dansetrinn på veg over målstreken.

Onsdag skipa friidrettsgruppa til haustens første seriestemne. 40 deltakarar, fint ver og god stemning. I kast-enden vart det konkurrert i slegge, diskos og spyd, medan barneklassane hadde lengde, liten ball, 60 meter og 200 meter på agendaen. Vedlagt resultater og nokre filmsnuttar.

Mykje kreative målpasseringar blant dei yngste.
Spanande dyst på 60-meter for 8-9-åringane.
60 meter for 10-12-åringane.
Hovudsponsor Tysnes Sparebank har fått plass ved målstreken.