Ådne Olsen slår til med 13,03 i kule

Onsdag kveld arrangerte friidrettsgruppa seriestemne på Husnes stadion og her vart det levert mange gode prestasjonar. Mest imponerande var Ådne Olsen, som endeleg braut 13-grensa i kule, og Julian Staveteig med ny pers og 3,15 meter i stav. Vedlagt er resultater (nederst).

Diskosringen var første stoppestad og her varta Ådne opp med 39,62 meter, medan Julian persa med 28,11 meter. Totalt 5 deltakar både her og i kulestøt etterpå. Og der fekk vi altså sjå Ådne nærme seg 13-metersgrensa kast for kast og Arne Torget sin pers på 12,91 frå forrige årtusen vart grusa i siste kastet. 13,03 meter!

Sander Sæverud Jensen får til eit kjempekast.

Så var det over på løpebanen. Tre unge lovande sprang 1500 meter, før det var duka for 3000 meter for dei vaksne. Heile 8 deltakarar og best var Kenneth Blom med 11.21.

Medan konkurransane pågjekk var det trening for dei aller yngste, og løpegjengen køyrde intervall i Trioløypa, så det yra med friidrettsaktivitet i idrettsparken. Kvelden vart avslutta med stavspang, der Julian tek stadig nye steg. Ny pers og 3,15 meter i eit sprang som han sjølv utropte som skikkeleg dårleg hopping. Etter rapportane har han snusa på 3,5 meter på trening.
20.oktober ligg det an til Kvinnheradmeisterskapen i friidrett på stadion.

 

Julian Staveteig svevar over 3,15 meter i stav.

 

Oppvarming for dei yngste