Søndag skipa friidrettsgruppa til Kvinnheradmeisterskap på Husnes stadion og takka vera enorm pågang i Knøtteløpet for 0-6 år vart det ein dugeleg deltakarrekord. Heile 60 småtassar sprang 100 meter, før dei fekk medalje og is, og det var meir enn det doble av rekorden frå i fjor. Det var registrert 54 deltakarar i sjølve meisterskapen, så totalt sett var 114 friidrettsutøvarar i aksjon. Dei aller fleste i frå IL Trio.

Mykje sterke prestasjonar i meisterskapen. Særleg må Hildegunn Håland sin kretsrekord på 1500 meter trekkjast fram. 5.55,8 var 14 sekund raskare enn den gamle rekorden i klasse kvinner 55-59 år. På 1500-meteren imponerte 15-årige Cecilie Sundal Utne med 5.04,1, som er pers med to sekund. Berre seks 15-åringar i landet har vore raskare i år. Aller raskast på 1500 meter var Alexis Sandvik med 4.58,4.

Det var ikkje så brei deltaking i ungdomsklassane, men resultatmessig må Alexandra Tveit Rosendahl sin 200 meter hekk på 31,8 nemnast. Pers med over to sekund og landsoversikta viser at berre ein 15-åring har vore raskare i år. Andrei Bringedal sette også ein solid pers på 100 meter med 11,8, første gong under 12 sekund. I stavhopp var Sander Sæverud Jensen (16) einaste deltakar, men han sette til gjengjeld pers med 2,90 meter. Og Giljar Saghaug Håland betra persen i spyd med 5 meter då han vann klasse gutar 13 år.

Stemnet vart avslutta med nyvinninga 1500 meter gange som folkehelseøving. 6 deltakarar, kanskje den spede start på ein ny, fin tradisjon. Under følgjer resultatliste og ein del bileter.

60 superklare småtassar klare til 100 meter knøtteløp.
Alexandra Tveit Rosendahl (15) leverte mange sterke prestasjonar.
Andrei Bringedal (15) leverte dagens raskaste hundremeter med 11,8.
Hildegunn Håland sette ny kretsrekord på 1500 meter i klasse kvinner 55-59 år. Her flankert av to andre veteranar, Tor Harald Bringedal og Kenneth Blom.
Raske gutar: Andrei Bringedal leiar 100 meteren framom Ådne Opsanger-Tveit og Sander Sæverud Jensen.
Spente tilskodarar.
3-åringane Frida Eide Lie og Andrea Øye Røssland i stor fart.
Det går unna på 60-meter for 8-åringane.
Frivillige og villige gutar frå klassen “Innsats for andre” tok kioskvakta.
Alle 10-11-åringane samla på pallen etter at alle øvingar var unnagjort.
Alle desse ser overraskande blide ut etter å ha kjempa seg gjennom 1500 meteren.
3 utøvarar i klasse gutar 13 år delte broderleg ein haug gull-, sølv- og bronsemedaljar mellom seg. Frå venstre Nils Aggvin (Rosendal) og Triogutane GIljar Saghaug Håland og Heine Sæverud Jensen.
Yngstemann Tormod Solli Stafsnes (1,5 år) har fått premie, og no er det storesøster Runa sin tur.
Sjølv om bessen sto klar med medaljen, sprang Athena Kabbe Hauge (2) rett forbi og til han som delte ut is istaden. Athena var elles berre 1 år og 3 månadar då ho deltok i fjor, den rekorden står seg.
4-årspulja står klar til avgang.
Raske karar. Alexis Sandvik kom inn under 5 minutt på 1500 meteren. Sterkt løp også av Harald Saghaug frå Kvinnherad Brann og redning.
Alexandra Tveit Rosendahl flyg både høgt og langt i lengdegropa.
Ådne Opsanger-Tveit i lengde.
Eit stussleg forsøk på gruppeselfie før start av folkehelseøving 1500 meter gange.
Elilf Myklebust og Njål Tvedt med velfortente medaljar etter 1500 meter.
Tor Harald Bringedal og Kenneth Blom på pallen for 1500 meter klasse 60+
Søstrene Athena og Ariel Kabbe Hauge var godt nøgde med medaljane.