Friidrett: Ekstra treningstilbod for dei eldste
Vi i friidretten erfarer at når barna blir ungdomar, så har dei meir behov og ønskje for ekstra treningar og spesialisert trening. Gruppene våre tynnast gjerne ut når utøvarane blir eldre og kvar og ein får sine favorittøvingar som ein vil trene meir på. For å legge til rette for meir trening har vi no i samarbeid med Rosendal TL begynt å sette i stand ekstra tematreningar. Gjerne med ein kompetent ressurs utanfor den faste trenarstaben.
Til no har vi hatt to slike økter for utøvarar frå 11 år og eldre. I sommar hadde vi ei hopptrening leia av Julian Staveteig, som var aktiv stavhoppar for nokre år sidan. Han kan mykje også om lengde og tresteg. I sist veke var det gode, gamle Odd Keilen som hadde ansvar for ei kasttrening på Rosendal stadion. Vedlagt nokre bileter. Vi håpar å få til fleire slike økter med jamne mellomrom framover. Neste blir hekk og løp på Husnes etter haustferien.