Årets første seriestemne gjekk av stabelen på Husnes stadion onsdag, i strålande sol, men du verda så kaldt det vart då sola gav seg. 44 deltakarar fekk prøvd seg i kast, hopp og løp. Med og utan hekkar i vegen.

Øvingsprogrammet denne gongen var lengde og 60 meter for alle. Medan dei yngste kasta liten ball, kasta dei litt eldre spyd. I tillegg var det også 200 meter flatt og 200 meter hekk for 11 år og eldre. Mange fine prestasjonar og mange personlege rekordar. Her er resultater og nokre bileter.

Klart for spydkast, ei øving vi ikkje har så ofte på programmet.
Mykje raking på Tronn, då vi har sand berre til 0,7 av 2 lengdegroper for tida. Håpar kommunen snarleg kan fylle på :)
Arrangørstaben har full kontroll og godt spesifiserte oppgåver til over 100 lengdehopp for dagen.
Eilif styrer resultattavla.
Ådne Opsanger-Tveit har trent godt i vinter og varta opp med personleg rekord både på 200 meter flatt og hekkedistansen.
Tina Eik noterte ny Hydro Husnes-rekord i lengde!