Friidrett: Årets første stemne på stadion
Biletet: Sander Sæverud Jensen (fremst) og Andrei Bringedal på veg mot mål på 600 meter.
Friidrettsgruppa har ikkje starta opp med trening for dei yngste etter korona-nedstenginga, det ventar vi med til etter sommarferien. Men i går kveld våga vi oss på eit lite seriestemne. Godt med spritvask, ein meters avstand og deltakar kun i annakvar bane på løpa vi hadde med inndelte banar.
Det vart konkurrert i 60 meter og lengde. Dei aller minste sprang i tillegg 200 meter, medan dei litt eldre sprang 600 meter. Og til slutt var det også ein 1500 meter for ungdom/vaksne.
Attpåtil var the Olsen brothers i aksjon i slegge- og diskosringen.
Totalt var då 17 utøvarar i aksjon.