Friidrett: Aldri på ein måndag!
I kveld skipa friidrettsgruppa til seriestemne på Husnes stadion. Veret var høveleg bra, dog ofseleg kaldt, men dagen var altså mystisk. Normalt har vi alltid stemna på onsdagar, så dette høvte ikkje for mange. Dermed vart det berre 23 deltakarar denne gongen. Uvante øvingar også. Dette vart første møte i konkurranse med hekkeløp for mange av dei minste. For del litt eldre fann vi ut vi måtte byte ut diskos med spyd på programmet, sidan kastringen var full av vatn. Her er resultater og nokre bileter.





