Friidrett: 3 Triogutar med i kretsuttak til Lerøyleikene
Tidleg på hausten konkurrerer friidrettskretsane mot kvarandre i dei årvisse Lerøyleikene. Her blir utøvarar i alderen 13-14 år med best prestasjonar i ulike øvingar teke ut til å representere kretsen. Årets stemne går av stabelen i Ålgård/Gjesdal i Rogaland og 3 gutar frå Trio er teke ut. Og det er i kastøvingane vi har markert oss i år.
Desse er teke ut til å representere Hordaland friidrettskrets:
Heine Sæverud Jensen (G13) i kule, diskos, spyd og tresteg.
Giljar Saghaug Håland (G13) i kule, diskos, spyd og slegge.
Mattias Ray Skauge Griggs (G14) i kule, diskos, spyd og slegge.
Mattias er inne på topp-5 på landsstatistikken i favorittøvinga spydkast, og også blant dei to beste i Hordaland i både diskos og slegge. Både Heine og Giljar er blant Hordalands tre beste i spyd, Giljar også i diskos og slegge.
Medan friidrett i stor grad er ein individuell idrett, blir det her kjekt å representere eit lag, som ein både reiser og bur i lag med, og har sosiale aktiviteter med. Vi gratulerer med uttaket og ønskjer lukke til med stemnehelga midt i september.
