Holmfridur Adalsteinsdottir deltok laurdag på Lierskogen 6-timers i Drammen, altså ein ultraløp-distanse der det gjeld å springe lengst mogleg på 6 timar. Der gjekk ho heilt til topps. Av i alt 25 deltakarar sprang ho lengst av alle, både kvinner og menn.

Eit ultraløp er pr definisjon alle løp lengre enn marathon (42 km). Det skulle springast flest mogleg rundar på ei løype som var 655 meter, og Frida klarte heile 110 rundar. Med det var ho over kilometeren føre beste i herreklassen og 12 km føre nest beste kvinne.

Totalt vart det 72 km og 457 meter på den spreke islendingen frå Valen. Til samanlikning sprang ho 65,2 km dei 6 første timane av 24-timarsløpet på Bislett før jul, og visstnok er persen til Gunnar Vaage på 6-timarsløp 70,9 km.