
Frida suveren i Lierskogen 6-timers
I dag vart ultraløpet Lierskogen 6-timers arrangert for andre gong i Lier nær Drammen. Vår langløpsdronning frå Valen, Holmfridur Adalsteinsdottir, stilte som tittelforsvarar og vann suverent også i år. I ei løype på 655 meter gjald det å springe flest mogleg rundar i løpet av 6 timar. Frida kunne notere seg for 116 rundar(!), og etter finrekning vart det eksakt 76,538 km. Med det var ho heilt suveren; 21 rundar lenger enn neste deltakar i kvinneklassen, og sågar 3 rundar lenger enn beste herreløpar.
Vi gratulerer med ein framifrå prestasjon, som også er betydeleg betre enn fjorårets. Altså 76,5 km i år, mot 72,5 km i fjor. Vi kan ta med at løpet også hadde godkjent marathon-oppmåling og den distansen (42,195 km) passerte Frida på 3 timar og 12 minutt. Sjølv kunne ho melde etter løpet at det var veldig kjekt og at ho hadde full kontroll fem første timane. Derifrå var det berre å halde ut :)