Frå Trio til internasjonal toppfotball
Daniel Normann har vore ein del av Trio sidan han var seks år gammal. Frå tidleg alder hadde han eit stort fokus på kvalitet i treninga. For Daniel handla fotball alltid om å ha det kjekt, men også om å utfordre seg sjølv. Han brukte mykje tid på eigentrening, enkle øvingar og mange repetisjonar – alltid med fullt fokus på utføringa.
Som 11-åring fekk han hospitere opp på eit eldre Trio/Halsnøy-lag, samtidig som han vart ein del av FKH sine talenttiltak. Det gav han både høgare tempo, nye utfordringar og spelarar å strekke seg etter.
Gjennom karrieren har Daniel teke fleire modige og bevisste val. Han har alltid vore oppteken av balansen mellom trening, leik, kosthald, søvn, skule og venner. Sjølv om fotballen har vore hovudfokuset, har det vore like viktig for han å fullføre utdanninga undervegs.
Etter å ha spelt nokre kampar for Trio i 2024 gjekk turen vidare til New Zealand. Der imponerte han stort, vart kåra til ligaens beste spelar og sikra seg seinare proffkontrakt med Auckland FC.
Dei som kjenner Daniel, skildrar han som ein audmjuk, positiv og hardtarbeidande person med eit sterkt vinnarinstinkt. Han er ein lagspelar som smittar med energi, tek ansvar og alltid er villig til å leggje ned arbeidet som krevst for å utvikle seg. Det er eigenskapar som har vore viktige på vegen frå Trio til profflivet.
5 kjappe med Daniel Normann
Korleis opplevde du tida i Trio som ung?
Eg ser tilbake på tida i Trio med veldig gode minner. Eg trivdest veldig godt, og klubben var flink til å legge til rette for utvikling. Eg fekk hospitere to år opp, noko som gav meg god matching og var viktig for utviklinga mi. Det var ei lærerik og veldig kjekk tid.
Var det nokon trenarar eller personar i Trio som hadde ekstra stor betydning for utviklinga di?
Ja, det var fleire. Pappa, Ørjan, var både trenar og ein viktig støttespelar gjennom oppveksten. Eg vil også nemne Bjarte [Solheim] , som tok meg veldig godt imot då eg byrja å spele to år opp. Elles er eg takksam for alle trenarane og dei frivillige som la ned mykje tid for oss.
Har du opplevd motgang eller perioder der du tvilte på deg sjølv, og korleis kom du deg gjennom det?
Ja, absolutt. Alle som satsar på idrett vil oppleve motgang. Eg har hatt periodar der ting ikkje har gått som eg ønskte, men då har eg prøvd å fokusere på det eg kan kontrollere: å trene godt kvar dag, vere tolmodig og halde fram sjølv når det er tøft. Dei periodane har gjort meg sterkare.
Arbeidsmoral. Eg har alltid vore villig til å legge ned timane som krevst, både når det går bra og når det går dårleg. Eg trur også det å vere tolmodig og stole på prosessen har vore veldig viktig.
Kva er den viktigaste egenskapen du har som har gjort at du har nådd toppfotballen i Australia?
Ver nysgjerrig, jobb hardt og møt opp kvar dag med ei god innstilling. Hugs at korleis du behandlar andre betyr like mykje som kor god du er med ballen. Ver ein lagkamerat som løftar dei rundt deg, ta ansvar for eiga utvikling, og ikkje ver redd for å gjere feil. Om du klarer å kombinere gode verdiar med viljen til å jobbe litt hardare enn dei fleste, kjem du veldig langt, både på og utanfor banen.
Bredde og topp går hand i hand
IL Trio er eit breiddeidrettslag med plass til alle. Hos oss skal både dei som ønsker å drive med idrett fordi det er kjekt og sosialt, og dei som har store draumar og ambisjonar, få moglegheita til å utvikle seg.
Derfor er det ekstra kjekt å sjå at fleire utøvarar og trenarar med røter i Trio har nådd eit høgt nivå innan sin idrett. Dei er flotte forbilder som viser at store draumar kan starte i Kvinnherad.
Her er nokre av dei som framleis er aktive, og som har vore eller er ein del av Trio-familien.
Synne Eide Bjørnebøle – Spiller for Åsane fotball i første divisjon
Endre Eide – Hovudtrener for FK Haugesund i Obos ligaen
Lars Johan Myklebust – Sportsleg leder for Brann SK damer
Ronny Holmedal – Ansatt i Norsk toppfotball som klubbutvikler på sport
Johnny Furdal – A lagstrener for Viking damer
Holmfridur Adalsteinsdottir – Trio friidrett. Nyleg utteken til landslaget for ultraløp i Spania
Tina Abdulla – Topphandballspiller for Odense i Danmark. Er i vannskorpa for landslaget i handball
Christine Skogseth Bjørsvik – Koll volleyball i Mizuno ligaen. Vant NM i 2024
Kenneth Blom – Trio friidrett. Representerte Norge i EM i Triatlon no seinast i Juni
Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidsparner
