Fredag 2 november heldt fotballgruppa sin årlege fotball fest for dei vaksne i fotballen. Med ca 70 deltakere vart dette ein trivelig kveld med god mat og fin musikk av Henning Sæbø. Det vart servert Tapas laga av Veronica Thorkildsen og Liven Santiago. Som vanleg var maten veldig god og med mange retter. Etter middag er det tid for utdeling av utmerkinger. Senior leiar Roger Røssland delte ut statue for 100 og 150 kamper til henholdsvis Eivind T. Saghaug og Alkan Abdula. Ingen dame spelarar har fått så mange kamper i år men vi er på god vei. Det at vi har fått damene med på laget er utruleg kjekt og ein av dei viktigaste målsetnigane vi har nådd dei siste åra. Årets spelar for damene vart Selma K. Kvalheim og for herrane Eivind T. Saghaug. Årets toppscorer for damene med 9 mål vart Aria Haugsdal og for herrane med 6 mål vart Martin Veastad. Herrane hadde og kåra årets mest framgangsrike spelar som vart Mads P. Jørgensen.

Pris vinerane senior laga Eivind Saghaug, Mads P Jørgensen, Selma K Kvalheim og Alkan Abdula.

 

Etterpå fekk styret litt oppmerksomhet og eit gavekort for innsatsen i år. Det er alltid vanskelig og litt skummelt å trekkje fram nokon for det er så mange som fortjener ein påskjønnelse. Trenere osv har fått gratis treningsutstyr i år for innsatsen tidligere men kunne absolutt fått litt oppmerksomhet på festen. Men styret hadde bestemt at vi ynskte å  frammheva 2 personer i år. Jan Olav Madsgård fekk gavekort for innsatsen gjennom fleire år som utstyrs ansvarlig og veldig god bidrag på fleire hald. Per Einar Gjerding er hovedgrunnen til at vi no er godkjent og kan kalle oss kvalitetsklubb og fekk eit gavekort som takk for innsatsen.Frå venstre Jan Olav Madsgård, Kjetil Dale, Geir Atle Vangsnes, Erna Mikkelsen, Maria Santiago, Roger Røssland, Per Einar Gjerding, Ann Helen H Skogseth, Trond Thorsen, Kjell M Eide

Dei siste åra har vi utdelt den årlege “Eldsjel” prisen. Denne prisen vert utdelt til ein person som har gjort ein ekstra innsats i år og som har bidratt i fleire år.  I år vart prisen gitt til Kristine Enæs Medhaug for innsatsen ho har gjort dei siste åra med jente fotballen. Ho har trent og vore innvolvert i 3-4 lag og er kanskje hoved grunnen til at vi i år har stilt damelag i serien.