Friidrettsgruppa har etablert eit stipend som delast ut to gonger i året, til periodens mest framgangsrike utøvar. “Opp og fram” var Tjerand Lunde sitt mantra for å forbetre seg i stavhopp. Denne prisen delast ikkje nødvendigvis ut til den beste utøvaren, men til den som viser størst framgang (betring av personleg rekord) i ei einskild øving. Dette målast i form av poengforbetring på Tyrvingtabellen.

Alexandra Tveit Rosendahl (14) er ein verdig vinnar av prisen, då den allsidige jenta har sett personleg rekord i heile 13 øvingar i vårsesongen. Aller størst framgong i tresteg der ho har betra persen med over 2 meter med hoppet på 9,53 meter under Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm.

Prisen er eit stipend på 2000 kr, som helst skal brukast på noko idrettsleg. Opp og fram-prisen vil bli delt ut for kvart halvår framover. Alexandra kan vinne fleire gonger, men ikkje neste gong, då same utøvar ikkje kan vinne to gonger på rad. Vi gratulerer så mykje med utmerkinga.